Hopp til hovedinnhold
  • Kontakt oss
  • Endre skriftstorleik

    Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).
    Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

  • Nynorsk
    • Bokmål
    • English
    • Nynorsk
  • Logg inn
  • Logg ut
Startsida til Skatteetaten
Startsida til Skatteetaten
Til a-meldinga

Rettleiinga til a-meldinga

Lukk Søk
Rettleiinga til a-meldinga

Innholdsmeny

Framsida av rettleiinga
  • Feilmeldingar (MAGNET/EDAG) og tilbakemelding Liste over feilmeldingar, tilbakemelding og korleis rette feil
    • Oversikt over feilmeldingar (MAGNET/ EDAG) Alvorsgrad og korleis rette feil
    • Tilbakemelding Kva er ei tilbakemelding
    • Erstatningsmelding eller ny a-melding To måtar å sende a-melding på når du skal rette
  • Organisasjonsnummer Arbeidsgivar, pensjonsselskap eller andre du sender a-meldinga for
    • Organisasjonsnummer for hovedeininga og organisasjonsnummer for undereiningar Kva for nummer skal du bruke når du sender a-meldinga
    • Organisasjonsledd i offentleg sektor Gjeld offentleg sektor
  • Pensjonsinnretning (obligatorisk tenestepensjon) Private arbeidsgivarar skal oppgi pensjonsselskap eller pensjonskasse dei har inngått avtale om sparing med
  • Fødselsnummer, D-nummer eller internasjonal ID (inntektsmottakar) Identifiser tilsette, pensjonistar og andre som tek imot lønn og ytingar
  • Arbeidsforholdet Type arbeidsforhold, start og sluttdato, permisjon, byte lønnssystem med meir
    • Type arbeidsforhold Om arbeidsforholdet er ordinært, maritimt eller anna og korleis endre om noko er feil
      • Ordinært arbeidsforhold Tilsett som tek imot lønn (gjeld dei aller fleste)
      • Maritimt arbeidsforhold Tilsett som jobbar til sjøs, på fartøy eller flyttbar innretning
      • Unnatak for ordinære og maritime arbeidsforhold Døme på når du ikkje treng å gi opp opplysningar om ordinært eller maritimt arbeidsforhold.
      • Pensjon eller andre ytingar Person som tek imot pensjon eller andre ytingar utan å vere tilsett eller i oppdrag
      • Frilansar, oppdragstakar og personar som tek imot honorar Person som jobbar på oppdrag utan å vere tilsett
      • Vel rett arbeidsforhold Når du er usikker på kva for eit arbeidsforhold du skal velje
      • Endre type arbeidsforhold Døme på korleis du byter frå eitt arbeidsforhold til eit anna
    • Opplysningar om arbeidsforholdet Start og sluttdato, stillingsprosent, permisjon og andre opplysningar
      • Startdato på arbeidsforhold
      • Sluttdato på arbeidsforhold
      • Årsak til sluttdato
      • Stillingsprosent
      • Datoen stillingsprosenten blei endra
      • Timar per veke for full stilling
      • Arbeidstidsordning
      • Datoen lønna blei endra
      • Tilsetjingsform
      • Lønnsansiennitet
      • Lønnstrinn
      • Yrkeskode
      • ArbeidsforholdsID
      • Permisjon
      • Permittering
      • Avlønningstype
    • Særskilde forhold Byte lønnssystem, fusjon, oppkjøp, med meir
      • Arbeidsforhold ved lønn til tilsette som har slutta
      • Byte lønnssystem
      • Byte jobb hjå same arbeidsgivar
      • Fisjon
      • Fusjon
      • Oppkjøp, eigarskifte eller overdraginga av verksemd
      • Endringar i kommune- eller fylkesstruktur
  • Lønn og ytingar Kontantyting, utgiftsgodtgjersle, naturalytingar,trygd, pensjon med meir
    • Oversikt over lønn og andre ytingar Nemningar for lønn og andre ytingar du kan bruke
    • Rette feil i lønn og ytingar Feil beløp eller nemning, utbetalt for mykje eller for lite
  • Frådrag Fagforeiningskontingent, premie til pensjonsordningar og andre frådrag
    • Fagforeiningskontingent
    • Premie til pensjonsordningar
    • Premie til utanlandske pensjonsordningar
    • Premiar til fond og trygd
    • Brakkeleige
  • Forskotstrekk Korleis ein skal føre opp trekkplikt, rekne ut og betale forskotstrekk
  • Utleggstrekk Korleis oppgi utleggstrekk, rekne ut og betale utleggstrekk
  • Arbeidsgivaravgift og finansskatt Korleis rekne ut, kva du skal føre opp og betale
    • Arbeidsgivaravgift Utrekningskodar, satsar, soner og betaling
    • Ekstra arbeidsgiveravgift Berekningskodar, satsar, soner og betaling
    • Finansskatt på lønn Gjeld finans- og forsikringssektoren
  • Særskilde grupper Utland, sjøfolk, skattefri organisasjon, kjeldeskatt på pensjoner, nettolønn, Jan Mayen og Svalbard
    • Utland Utanlandske arbeidsgivarar med oppdrag i Noreg
    • Utanlandsforhold Norske arbeidsgivarar med tilsette i utlandet
    • Nettolønn For arbeidsgivar som har tilsette med nettolønn
    • Kjeldeskatt på lønn
    • Kjeldeskatt på pensjonar Skatt på pensjon til personar som ikkje er skattemessig busette i Noreg
    • Særskilt frådrag for sjøfolk For sjøfolk som har krav på eit eige frådrag
    • Skattefrie organisasjonar Korleis ein skal føre opp lønn og ytingar for tilsette i skattefrie organiasjonar
    • Svalbard For personar som kjem inn under Svalbardskattelova
    • Jan Mayen og dei norske bilanda i Antarktis For personar som kjem inn under Jan Mayen-skattelova
  1. Rettleiinga til a-meldinga

Forskotstrekk i a-meldinga

  • Oppdatert: 20.01.2025

Kva for opplysningar du skal oppgi om forskotstrekk på kvar einskild inntektsmottakar og gjennomført forskotstrekk.

    Kort om forskotstrekk

    Som arbeidsgivar er du ansvarleg for å rekne ut og gjennomføre forskotstrekk.

    I a-meldinga skal du gi opplysningar om kor mykje du skal betale i forskotstrekk, og kor mykje du har trekt i forskotstrekk på kvar einskild inntektsmottakar.

    Beløpet du oppgir å betale skal vere lik summen av forskotstrekka for alle inntektsmottakarane.

    Sjå òg generell informasjon om forskotstrekk

     

    Du skal markere lønn og andre ytingar

    Når du fører opp lønn og andre ytingar i a-meldinga, skal du markere om dei er trekkpliktige eller ikkje.

     

    Dette gjer du ved å markere:

    • «ja» for trekkplikt
    • «nei» for ikkje trekkplikt


    Du finn ein nærare omtale av trekkplikt på kvar einskild lønn og andre ytingar.

    I dei fleste lønnssystem blir dette markert automatisk når du vel type lønn eller andre ytingar for beløpa du oppgir.

     

    Markering er ikkje det same som gjennomført trekk

    Når du markerer trekkplikt, seier ikkje dette noko om at du faktisk har gjennomført trekk i ytinga, berre om ho er trekkpliktig eller ikkje.

    Det kan vere ytingar som vanlegvis er trekkpliktige, men der du likevel ikkje gjennomfører trekket i ytinga.


    Dette gjeld til dømes:

    • når ein betaler ut feriepengar i ferieåret (trekkfritak gjeld ikkje ved kjeldeskatt på lønn)
    • når inntektsmottakaren har frikort
    • ved minstegrenser for forskotstrekk
    • når ein betaler ut pensjon i desember (ikkje pensjonar med kjeldeskatt)
    • innvilga trekkfritak

     

    Forskotstrekk for kvar einskild inntektsmottakar

    Du skal føre opp gjennomført forskotstrekk for kvar einskild inntektsmottakar. Forskotstrekket må førast opp med nemning. 

    Du skal føre opp beløpet med minusteikn.

    Nemning for forskotstrekk

    Gjeld dei fleste typar lønn og ytingar og trygdeavgift for arbeidstakarar som ikkje blir skattlagde i Noreg. Skattetrekk til utanlandsk arbeidstakar med kjeldeskatt på lønnsinntekt gjer du óg opp her.

    Dette skal du føre opp i a-meldingen:
    Beløp - x kroner
    Nemning   Ordinært forskotstrekk

     

    Gjeld når du har gjort forskotstrekk i ytingane:

    • barnepensjon frå folketrygda frå 2024
    • barnepensjon frå folketrygda frå 2025
    • barnepensjon frå andre enn folketrygda frå 2024
    • IPA eller IPS barnepensjon frå 2024

     

    Dette skal du føre opp i a-meldinga:
    Beløp - x kroner
    Nemning barnepensjon

     

    Gjeld forskotstrekk knytt til ytingar som er markerte med skatte- og avgiftsregelen "kjeldeskatt på pensjonar". Ikkje bruk denne for ansatte med kjeldeskatt på lønn.

    Dette skal du føre opp i a-meldinga:
    Beløp - x kroner
    Nemning   kjeldeskatt på pensjon

    Gjeld trekt skatt og trygdeavgift knytt til ytinga som er markerte med skatte- og avgiftsregelen "Svalbard".

    Her finn du satsane som gjeld for lønnstrekk og trygdeavgift til Svalbard.

    Dette skal du føre opp i a-meldinga:
    Beløp - x kroner
    Nemning   Svalbard

    Gjeld trekt skatt og trygdeavgift knytt til ytinga som er markerte med skatte- og avgiftsregelen «Jan Mayen og bilandene». Du skal dele opp trekt skatt og trygdeavgift i to beløp.

    Her finn du satsane som gjeld for trekt skatt og trygdeavgift til Jan Mayen og bilandane.

    Dette skal du føre opp i a-meldingen:
    Trekt skatt:    
    Beløp - x kroner
    Nemning   Jan Mayen og bilanda

    Trygdeavgift:
       
    Beløp - x kroner
    Nemning   betalt trygdeavgift til Jan Mayen

    Gjeld frivillig skattetrekk når inntektsmottakaren har bede deg trekkje meir skatt av lønna eller ytinga, enn det skattekortet viser. Omtalast også som ekstra skattetrekk.

     

    Dette skal du oppgi i a-meldinga: 

    Trukke skatt: 

     

     

    Beløp 

    - 

    x kroner 

    Nemning 

     

    Frivillig forskotstrekk 

     

    Merk at frivillig skattetrekk alltid skal rapporterast med beskrivinga frivillig forskotstrekk. Dette gjeld også mottakarar av pensjon, samt personar som er omfatta av lønnstrekkordningar.

     

    Sum forskotstrekk å betale

    Du skal føre opp summen av gjennomført forskotstrekk som ei eiga opplysning i a-meldinga. Beløpet skal vere likt det som er trekt og oppgitt for alle inntektsmottakarane og verksemder i den aktuelle a-meldinga.

    Dette er også beløpet du skal betale, og du skal føre det opp som eit positivt beløp.

     

    Kva skal med i forskotstrekket

    • Trekkpliktig lønn og andre ytingar

      Trekkpliktige kontantytingar

      Gjeld trekkpliktige kontantytingar som til dømes lønn og pensjon.

      Trekkpliktige naturalytingar 
      Gjeld trekkpliktige naturalytingar som til dømes elektronisk kommunikasjon, bil og bustad.

      For naturalytingar skal du gjennomføre forskotstrekk så langt dei kontante ytingane rekk. Er forskotstrekket høgare enn dei kontante ytingane, skal du melde frå til skattekontoret. Skattekontoret skriv då ut forskotsskatt til inntektsmottakaren. Denne skal dekkje forventa skatt på naturalytinga.

      Trekkpliktig utgiftsgodtgjersle 
      Gjeld trekkpliktig utgiftsgodtgjersle som til dømes overskot på utgiftsgodtgjersle og private utgifter.

    • Nokon ytingar som ikkje er trekkpliktige
      Dersom du gjer trekk i ei ytingar som ikkje er trekkpliktig skal du føre opp beløpet som forskotstrekk, sjølv om ytinga er markert med «Nei» for trekkplikt.

      Dette gjeld til dømes somme regulativ- og tariffbestemte godtgjersler og godtgjersler etter Skattedirektoratet sine forskotssatsar.

    • Trekkpliktige ytingar du ikkje fører opp i a-meldinga
      Dersom du gjer trekk i ytingar som du ikkje skal føre opp i a-meldinga, skal du føre opp trekket som forskotstrekk.

      Dette gjeld til dømes for lønn og ytingar under grensa for opplysningsplikt, eller kor det er føretekeforskottstrekk i ytingar som rapporterast i andre ordningar utanfor a-ordninga.

    Sjå òg korleis du reknar ut grunnlaget for forskotstrekk

     

    Kva skal ikkje med i forskotstrekket

    • Naturalytingar i utlandet
      Gjeld forskotstrekk i naturalytingar til inntektsmottakarar som verken er busett i Noreg eller mellombels oppheld seg her når dei får ytinga, og ytinga er for arbeid i teneste utført i utlandet.

    • Trygdeavgift utland
      Gjeld trekk av trygdeavgift som skal betalast til NAV Medlemskap og avgift som forskotstrekk.

    • Trekkpliktige ytingar frå skattefrie selskap, foreiningar og institusjonar som ikkje overstig 10 000 kroner
      Gjeld når summen av alle dei trekkpliktige ytingane til ein inntektsmottakar ikkje overstig 10 000 kroner i løpet av eit kalenderår. Betaler du meir enn 10 000 kroner, går heile beløpet inn i berekningsgrunnlaget for forskotstrekk.

    • Forskotstrekk som ikkje overstig 100 kroner
      Når forskotstrekket for ein inntektsmottakar ikkje utgjer meir enn 100 kroner i kalendermånaden.

    • Trekkpliktige ytingar som ikkje overstig 500 kroner
      Når summen av alle dei trekkpliktige ytingane til ein inntektsmottakar ikkje overstig 500 kroner i kalendermånaden.

    • Trekkpliktige ytingar som ikkje overstig 2 000 kroner
      Når summen av alle dei trekkpliktige ytingane til ein inntektsmottakar ikkje overstig 2 000 kroner i inntektsåret.

     

    Når skal du rapportere

    Du skal gi opplysningar om forskotstrekk i a-meldinga kvar månad du har gjennomført eit trekk.

     

    Betaling

    Arbeidsgivarar skal på eige initiativ betale forskotstrekk. Første frist for kalenderåret er den 15. mars og deretter den 15. annankvar månad. Når du skal betale forskotstrekket, må du summere beløpa for dei to månadene.

    Sjå òg utfyllande informasjon om betaling av forskotstrekk

     

    Rette feil

    MAGNET_EDAG-173
    Feil i forskotstrekk
    MAGNET_EDAG-277
    Oppgitt forskotstrekk å betale er feil
    MAGNET_EDAG-278
    Forskotstrekk for inntektsmottakar er feil

    MAGNET_EDAG-513
    Ugyldig kombinasjon av inntekt og forskotstrekk på Svalbard

    MAGNET_EDAG-514
    Ugyldig kombinasjon av inntekt og forskotstrekk på Jan Mayen og bilanden

     

    Du kan betale tilbake for mykje trekt forskotstrekk under føresetnad av dette skjer før 31. januar i året etter inntektsåret. Dette gjeld når du ikkje har høve til å rette opp i seinare trekkmidlar.

    Dette kan oppstå når inntektsmottakaren til dømes har slutta eller har frikort.

    Slik rettar du

    1. Betal tilbake det du har trekt for mykje til inntektsmottakaren.
    2. Rett forskotstrekket i a-meldinga for den kalendermånaden som inneheldt feil trekk. Dersom du nyttar eit lønnssystem, må du ta kontakt med systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.
    3. Du får trekket tilbakebetalt frå Skatteetaten.
    4. Alternativt dersom du ikkje betaler tilbake, skal du ikkje endre i a-meldinga. Inntektsmottakaren får då trekket godskrive ved avrekning.

     

    Døme – tilbakebetaling av trekk

    Fatima slutta som butikksjef i ein blomsterbutikk førre året. I januar utbetaler blomsterbutikken 60 000 kroner i feriepengar. Ved ein feil trekkjer dei 20 000 kroner i skatt av feriepengane.  

    A-melding for januar
    Opphavleg

    Feriepengar    60 000
    Forskotstrekk - 20 000


    Blomsterbutikken oppdagar feilen, betaler 20 000 kroner til Fatima og sender ei ny a-melding for januar.

    A-melding for januar

    Forskotstrekk 20 000

    Samla forskotstrekk for Fatima i januar: 0 kroner

    Gjeld når du har utbetalt for mykje lønn og inntektsmottakaren betaler tilbake bruttobeløpet eller har inngått ein bindande avtale om tilbakebetaling. Du må retta a-meldingen på det tidspunktet som trer først inn av faktisk tilbakebetaling eller når du har inngått ein bindande avtale.

    Før 2020 var praksis at endring av a-melding først skulle gjerast når feilutbetalinga faktisk var tilbakebetalt. Praksis blir frå endra 2020. Endringa er ikkje gitt tilbakeverkande kraft på eldre saker. Dette inneber at rapporteringstidspunktet er valfritt for tilbakebetalingskrav som vart endeleg stifta før januar 2020.


    Slik rettar du

    1. Rett opp i brutto utbetalt lønn og andre ytingar for den kalendermånaden dette blei oppgitt feil.
    2. Du skal ikkje endre forskotstrekket. Inntektsmottakaren får trekket godskrive ved avrekning.
    3. Dersom feilutbetalinga gjeld fleire kalendermånader, må du rette alle dei månadene det er feil i.
    4. Når du har retta feilen, sender du inn a-meldinga(ne). Dersom du nyttar eit lønnssystem, må du ta kontakt med systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.

     

    Døme – brutto tilbakebetaling

    Eit røyrleggjarfirma har utbetalt for høg fastlønn til Anna i januar, februar og mars. Beløpet er 5 000 kroner brutto for mykje per månad.

    Røyrleggjarfirmaet oppdagar feilen i april og ber Anna betale tilbake 15 000 kroner brutto. Anna betaler tilbake, og røyrleggjarfirmaet rettar opp i a-meldinga for januar, februar og mars.

    Ettersom Anna har betalt tilbake bruttobeløpet skal røyrleggjarfirmaet ikkje endre forskotstrekket. Anna får forskotstrekket godskrive ved avrekning.

    Slik rettar dei feilen

    A-melding for januar, februar og mars
    Røyrleggjarfirmaet sender a-meldinga frå eit system og vel å sende inn desse nye opplysningane om Anna:

    2016  Januar Februar Mars
    Fastlønn - 5000 - 5000 - 5000

    Resultat av endringa for kvar måned:
    Fastlønn: 55 000 - 5 000 = 50 00
    Fastlønn: 50 000 kroner

    Gjeld når du har gjennomført forskotstrekk i ei feilutbetalt lønn eller anna yting og inntektsmottakaren betaler tilbake nettobeløpet eller har inngått ein bindande avtale om tilbakebetaling.

    Slik rettar du

    1. Rett opp i brutto utbetalt lønn og andre ytingar for den kalendermånaden dette blei oppgitt feil.
    2. Du skal òg rette opp i (redusere) forskotstrekket du tidlegare har ført opp.
    3. Dersom feilutbetalinga gjeld fleire kalendermånader, må du rette alle dei månadene det er feil i.
    4. Når du har retta feilen, sender du inn a-meldinga(ne). Dersom du nyttar eit lønnssystem, må du ta kontakt med systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.

     

    Døme – netto tilbakebetaling

    Ein restaurant har utbetalt for høg fastlønn til Ola i januar, februar og mars. Fastlønna skulle ha vore 55 000 kroner og trekket 20 000 kroner. Ved ein feil betalte dei ut 60 000 kroner i fastlønn og 21 800 kroner i trekk.

    Restauranten oppdagar feilen i april og ber Ola om å betale tilbake 9 600 kroner netto. Han betaler tilbake, og restauranten rettar opp i a-meldingane for januar, februar og mars med det tilbakebetalte beløpet.

    Restauranten må rette både fastlønn og forskotstrekk, ettersom Ola ikkje skal få godskrive forskotstrekka ved avrekninga. Restauranten får forskotstrekket tilbakebetalt frå Skatteetaten.

    Slik rettar dei feilen

    A-melding for januar, februar og mars
    Restauranten sender a-meldinga frå eit system og vel å sende inn desse nye opplysningane om Ola:

    2016  Januar Februar Mars
    Fastlønn - 5000 - 5000 - 5000
    Forskotstrekk 1 800 1 800 1 800


    Resultat av endringa for kvar måned:

    Fastlønn: 60 000 - 5 000 = 55 000 kroner
    Forskotstrekk: -21 800 + 1 800 = -20 000 kroner

     

    Viktig informasjon

    Dersom du nyttar eit lønnssystem, kontaktar du systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.

     

     

    Kva brukar vi opplysningane til

    Skatteetaten brukar opplysningane til å krevje inn og kontrollere gjennomført trekk.

    Statistisk sentralbyrå (SSB) brukar opplysningane til statistikkføremål.

     

    Aktuelt regelverk

    • A-opplysningsloven

    • A-opplysningsforskriften

    • Skattebetalingsloven § 5-11

    • Skattebetalingsloven kapittel 5

     

    Til toppen

    Desse samarbeider om a-meldinga:

     

    Logo NAV
    Logo Statistisk Sentralbyrå
    Logo Skatteetaten
    footer/desktop/standard
    Skatteetaten. Logo
    Satser
    Skjema og tjenester
    Sámegiel skovit
    Sikkerhet og personvern
    Tilgjengelighetserklæring