Annan fri bil
Gjeld når tilsette disponerer firmabil og listeprisen ikkje står i høve til fordelen ved den private bruken. Dette er ein unnataksregel som ein berre skal nytte når avviket er stort.
Kort om annan fri bil
Før opp fordel når ein disponerer arbeidsgivar sin bil privat, i dei tilfella der listeprisen klart ikkje står i forhold til fordelen ved den private bruken.
Dette er ein unnataksregel som berre skal nyttast når avviket er stort.
Standardregel og unnataksregel
Når arbeidsgivaren eig eller leaser ein bil som blir stilt til disposisjon for privat bruk for arbeidstakaren er det ein skattepliktig fordel. Ein skal vanlegvis fastsetje fordelen etter ein standardregel basert på bilen sin listepris.
I særskilde tilfelle der standardfordelen basert på listeprisen første gong bilen blei registrert klart ikkje står i forhold til fordelen ved den private bruken, kan ein fastsetje fordelen ved skjønn. Denne unnataksregelen kan gjelde når fordelen rekna ut etter standardregelen blir for høg eller for låg.
Er du i tvil om du kan bruke unnataksregelen?
Ta kontakt via kontaktskjema (RF-1306) for å få rettleiing om du kan bruke unnataksregelen eller om fordelen skal givast opp etter standardregelen. Sjå ein nærare omtale av standardregelen Fri bil – standardregel.
Sjå òg Skatte-ABC om når listeprisen ikkje står i forhold til fordelen ved privat bruk
Se òg:
- Yrkesbil – tenestleg behov – kilometer
- Yrkesbil – tenestleg behov – listepris
- Fri bil utanfor standardregelen
Kva for opplysningar skal du oppgi
Beløp | x kroner |
Type lønn eller yting | naturalyting, bil |
Trekkplikt | ja |
Grunnlag for arbeidsgivaravgift | ja/nei |
Skatte- og avgiftsregel | dersom aktuelt |
Tilleggsinformasjon: | |
Annan bil | ja |
Listepris | x kroner |
Registreringsnummer | registreringsnummeret på bilen |
Bilpool | ja |
Beløp
Før opp 1/12 av Skattedirektoratet sin forskotssats per kalendermånad.
Sjå bilsatsar for firmabil når fordelen ikkje står i høve til listeprisen
Type lønn eller yting
Før opp «naturalyting» og «bil».
Trekkpliktig
Ytinga skal alltid førast opp som trekkpliktig.
Du kan late vere å gjennomføre forskotstrekk dersom trekkbeløpet er under minstegrensene for forskotstrekk.
For naturalytingar skal du gjennomføre forskotstrekket i dei kontante ytingane så langt dei rekkjer. Er det ikkje dekning for samla forskotstrekk i dei kontante ytingane, skal du melde frå skriftlig til Skatteetaten via Altinn.
Grunnlag for arbeidsgivaravgift
Du skal berekne arbeidsgivaravgift av denne ytinga.
Unnatak:
Du kan berre late vere å berekne arbeidsgivaravgift når inntektsmottakaren
- kjem inn under trygdelovgivinga i eit anna land i samsvar med ein sosialkonvensjon eller EØS-avtalen
- er ein utanlandsk arbeidstakar som ikkje er medlem av folketrygda og som arbeider på norsk kontinentalsokkel eller i norsk territorialfarvatn
Arbeidstakar har i nokre tilfelle stadfesting på at medlemskap blir halde aktivt hos eiga trygdestyresmakt (A1 eller annan blankett). NAV Medlemskap og avgift vurderer all dokumentasjon og registrerer eit eventuelt unntak frå medlemskap i folketrygda med periode, og om unntaket gjeld heile eller delar av folketrygda. Registrert unntak frå medlemskap i norsk folketrygd blir sendt elektronisk frå NAV til Skatteetaten.
Det er berre registrert unntak hos Skatteetaten som gir arbeidsgivar fritak frå å berekne arbeidsgivaravgift for arbeidstakar.
Skatteetaten kan fastsetje arbeidsgivaravgift for arbeidsgivar viss arbeidstakar ikkje er registrert med unntak og rapportert lønn eller yting ikkje inngår i avgiftspliktig grunnlag.
Arbeidsgivar eller den tilsette kan kontakte NAV for å spørje om unntak frå medlemskap i folketrygda er registrert.
Skatte- og avgiftsregel
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra, skal du bruke skatte- og avgiftsreglane:
Skatte- og avgiftsregelen gjeld:
- inntektsmottakarar som kjem inn under Svalbardskattelova
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra skal du markere lønn og andre ytingar med «Svalbard».
Du må òg markere forskotstrekk som høyrer til, med nemninga «Svalbard».
Sjå utfyllande informasjon om forskotstrekk i a-meldinga
Hugs óg å oppgi riktig nemning av frådraget når det er ei eiga frådragsnemning for Svalbard, sjå fagforeiningskontingent, premie til pensjonsordningar, premie til fond og trygd og brakkeleige.
Skatte- og avgiftsregelen gjeld:
- inntektsmottakarar som kjem inn under Jan Mayen-skattelova.
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra skal du markere lønn og andre ytingar med «Jan Mayen og bilanda».
Du må òg markere forskotstrekk som høyrer til med «Jan Mayen og bilanda».
Sjå utfyllande informasjon om forskotstrekk i a-meldinga
Hugs óg å oppgi riktig nemning av frådraget når det er ei eiga frådragsnemning for Jan Mayen og bilanda, sjå fagforeiningskontingent og premie til pensjonsordningar.
Skatte- og avgiftsregelen gjeld:
- sjøfolk som har krav på eit eige frådrag (sjømannsfrådrag) i lønn og andre ytingar,
- når dei har tent opp dette ved å arbeide om bord på skip i fart.
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra skal du markere lønn og andre ytingar med «særskilt frådrag for sjøfolk».
Sjå òg utfyllande informasjon om særskilt frådrag for sjøfolk
Tilleggsinformasjon
- Annan bil
Før opp «annan fri bil» for bilar der listeprisen ikkje står i høve til fordelen ved den private bruken. - Listepris
Før opp bilen sin listepris som ny (utan nokon form for reduksjonar). Bilen sin listepris som ny blir sett til listeprisen hjå hovudimportøren på tidspunktet for første gongs registrering, inklusive meirverdiavgift og vrakpant, eksklusive frakt- og registreringskostnader. Listepris for ekstrautstyr skal leggjast til listeprisen. - Registreringsnummer
Før opp registreringsnummeret på bilen. - Bilpool
Oppgi bilpool i staden for registreringsnummer dersom bilen er med i ei bilpoolordning. Det vil seie at ein på grunn av stadig vekselbruk av bilparken til arbeidsgivar ikkje kan fastslå noko bestemt tidsrom for den tilsette sin private bruk av kvar einskild bil.
Oppteningsperiode (frivillig)
Du kan oppgi oppteningsperiode for alle typar lønn og andre ytingar i a-meldinga. Både startdato og sluttdato for oppteningsperioden må vere innanfor same rapporteringsmånad.
Når skal du rapportere
Oppgi fordelen rekna ut etter forskotssatsen for kvar kalendermånad bilen er disponert.
Ein skal rapportere for kvar heile eller påbegynte kalendermånad (rekna ut etter tolvdelar) arbeidstakaren har hatt bilen til disposisjon.
Rette feil
MAGNET_EDAG-114 Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-114B Ugyldig verdi for denne kalendermånaden |
MAGNET_EDAG-200 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
MAGNET_EDAG-230B Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-243 Opplysningar om oppteningsperiode er ugyldig |
MAGNET_EDAG-298 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
Kva brukar vi opplysningane til
NAV brukar opplysningar om lønn og andre ytingar til å rekne ut dagpengar og kontrollere ytingar som sjukepengar, foreldrepengar, uføretrygd og bidragsforskot.
Skatteetaten brukar opplysningar om annan fri bil til å fylle ut skattemeldinga på førehand, og til kontroll.
Statistisk sentralbyrå (SSB) brukar opplysningane til statistikkføremål.
Aktuelt regelverk