Hopp til hovedinnhold
  • Kontakt oss
  • Endre skriftstorleik

    Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).
    Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

  • Nynorsk
    • Bokmål
    • English
    • Nynorsk
  • Logg inn
  • Logg ut
Startsida til Skatteetaten
Startsida til Skatteetaten
Til a-meldinga

Rettleiinga til a-meldinga

Lukk Søk
Rettleiinga til a-meldinga

Innholdsmeny

Framsida av rettleiinga
  • Feilmeldingar (MAGNET/EDAG) og tilbakemelding Liste over feilmeldingar, tilbakemelding og korleis rette feil
    • Oversikt over feilmeldingar (MAGNET/ EDAG) Alvorsgrad og korleis rette feil
    • Tilbakemelding Kva er ei tilbakemelding
    • Erstatningsmelding eller ny a-melding To måtar å sende a-melding på når du skal rette
  • Organisasjonsnummer Arbeidsgivar, pensjonsselskap eller andre du sender a-meldinga for
    • Organisasjonsnummer for hovedeininga og organisasjonsnummer for undereiningar Kva for nummer skal du bruke når du sender a-meldinga
    • Organisasjonsledd i offentleg sektor Gjeld offentleg sektor
  • Pensjonsinnretning (obligatorisk tenestepensjon) Private arbeidsgivarar skal oppgi pensjonsselskap eller pensjonskasse dei har inngått avtale om sparing med
  • Fødselsnummer, D-nummer eller internasjonal ID (inntektsmottakar) Identifiser tilsette, pensjonistar og andre som tek imot lønn og ytingar
  • Arbeidsforholdet Type arbeidsforhold, start og sluttdato, permisjon, byte lønnssystem med meir
    • Type arbeidsforhold Om arbeidsforholdet er ordinært, maritimt eller anna og korleis endre om noko er feil
      • Ordinært arbeidsforhold Tilsett som tek imot lønn (gjeld dei aller fleste)
      • Maritimt arbeidsforhold Tilsett som jobbar til sjøs, på fartøy eller flyttbar innretning
      • Unnatak for ordinære og maritime arbeidsforhold Døme på når du ikkje treng å gi opp opplysningar om ordinært eller maritimt arbeidsforhold.
      • Pensjon eller andre ytingar Person som tek imot pensjon eller andre ytingar utan å vere tilsett eller i oppdrag
      • Frilansar, oppdragstakar og personar som tek imot honorar Person som jobbar på oppdrag utan å vere tilsett
      • Vel rett arbeidsforhold Når du er usikker på kva for eit arbeidsforhold du skal velje
      • Endre type arbeidsforhold Døme på korleis du byter frå eitt arbeidsforhold til eit anna
    • Opplysningar om arbeidsforholdet Start og sluttdato, stillingsprosent, permisjon og andre opplysningar
      • Startdato på arbeidsforhold
      • Sluttdato på arbeidsforhold
      • Årsak til sluttdato
      • Stillingsprosent
      • Datoen stillingsprosenten blei endra
      • Timar per veke for full stilling
      • Arbeidstidsordning
      • Datoen lønna blei endra
      • Tilsetjingsform
      • Lønnsansiennitet
      • Lønnstrinn
      • Yrkeskode
      • ArbeidsforholdsID
      • Permisjon
      • Permittering
      • Avlønningstype
    • Særskilde forhold Byte lønnssystem, fusjon, oppkjøp, med meir
      • Arbeidsforhold ved lønn til tilsette som har slutta
      • Byte lønnssystem
      • Byte jobb hjå same arbeidsgivar
      • Fisjon
      • Fusjon
      • Oppkjøp, eigarskifte eller overdraginga av verksemd
      • Endringar i kommune- eller fylkesstruktur
  • Lønn og ytingar Kontantyting, utgiftsgodtgjersle, naturalytingar,trygd, pensjon med meir
    • Oversikt over lønn og andre ytingar Nemningar for lønn og andre ytingar du kan bruke
    • Rette feil i lønn og ytingar Feil beløp eller nemning, utbetalt for mykje eller for lite
  • Frådrag Fagforeiningskontingent, premie til pensjonsordningar og andre frådrag
    • Fagforeiningskontingent
    • Premie til pensjonsordningar
    • Premie til utanlandske pensjonsordningar
    • Premiar til fond og trygd
    • Brakkeleige
  • Forskotstrekk Korleis ein skal føre opp trekkplikt, rekne ut og betale forskotstrekk
  • Utleggstrekk Korleis oppgi utleggstrekk, rekne ut og betale utleggstrekk
  • Arbeidsgivaravgift og finansskatt Korleis rekne ut, kva du skal føre opp og betale
    • Arbeidsgivaravgift Utrekningskodar, satsar, soner og betaling
    • Ekstra arbeidsgiveravgift Berekningskodar, satsar, soner og betaling
    • Finansskatt på lønn Gjeld finans- og forsikringssektoren
  • Særskilde grupper Utland, sjøfolk, skattefri organisasjon, kjeldeskatt på pensjoner, nettolønn, Jan Mayen og Svalbard
    • Utland Utanlandske arbeidsgivarar med oppdrag i Noreg
    • Utanlandsforhold Norske arbeidsgivarar med tilsette i utlandet
    • Nettolønn For arbeidsgivar som har tilsette med nettolønn
    • Kjeldeskatt på lønn
    • Kjeldeskatt på pensjonar Skatt på pensjon til personar som ikkje er skattemessig busette i Noreg
    • Særskilt frådrag for sjøfolk For sjøfolk som har krav på eit eige frådrag
    • Skattefrie organisasjonar Korleis ein skal føre opp lønn og ytingar for tilsette i skattefrie organiasjonar
    • Svalbard For personar som kjem inn under Svalbardskattelova
    • Jan Mayen og dei norske bilanda i Antarktis For personar som kjem inn under Jan Mayen-skattelova
  1. Rettleiinga til a-meldinga
  2. Lønn og ytingar
  3. Oversikt over lønn og andre ytingar

Fri bil – standardregel

  • Oppdatert: 17.01.2024

Gjeld fordelen når ein disponerer arbeidsgivaren sin bil privat.

    Kort om fri bil – standardregel

    Før opp fordelen ein arbeidstakar når han/ho disponerer arbeidsgivaren sin bil privat.

    Dersom arbeidsgivaren eig, leiger eller leaser ein bil som blir stilt til disposisjon for privat bruk for arbeidstakaren er det ei skattepliktig naturalyting.

    Fordelen ved å bruke bil som er stilt til disposisjon i arbeidsforhold privat, skal som hovudregel fastsetjast etter ein standardregel. Det er ikkje noko krav at eigaren får frådrag for bilkostnadene.

    Sjå òg bilpriser - listepris som ny

    Se òg:

    • Yrkesbil – tenestleg behov – kilometer
    • Yrkesbil – tenestleg behov – listepris
    • Fri bil utanfor standardregelen
    • Annan fri bil

     

    Sporadisk privat bruk er ikkje skattepliktig

    Privat bruk mindre enn 10 dagar i eit inntektsår og samla privat køyrelengd under 1 000 kilometer per inntektsår, blir rekna som sporadisk bruk.

    Sjå òg Skatte-ABC om bil – privat bruk

     

    Kva for opplysningar skal du oppgi

    Beløp  x kroner
    Type lønn eller yting naturalyting, bil
    Trekkplikt  ja
    Grunnlag for arbeidsgivaravgift  ja/nei
    Skatte- og avgiftsregel  dersom aktuelt

    Tilleggsinformasjon:
     
    Listepris x kroner
    Registreringsnummer registreringsnummeret på bilen
    Bilpool ja dersom aktuelt

    Dersom inntekta er tent opp i utlandet eller på utanlandsk kontinentalsokkel:
     
    Kontinentalsokkel ja/nei dersom aktuelt
    Oppteningsland landkode dersom ytinga er opptent i utlandet

     

    Beløp

    Før opp den skattepliktige fordelen.

    Fordelen blir fastsett til 30 prosent av bilen sin listepris som ny inntil eit beløp fastsett av Skattedirektoratet, og 20 prosent av overskytande listepris.

    Sjå beløpsgrensa for kvart einskild inntektsår du skal bruke når du reknar ut


    Grunnlaget ved utrekninga av skattepliktig fordel er i utgangspunktet 100 prosent av bilen sin listepris som ny, men:

    • for bilar eldre enn 3 år per 1. januar i inntektsåret blir 75 prosent av bilen sin listepris som ny lagt til grunn
    • for ein arbeidstakar som dokumenterer med elektronisk køyrebok at yrkeskøyringa overstig 40 000 km i inntektsåret, blir 75 prosent av bilen sin listepris som ny lagt til grunn
    • dersom bilen er eldre enn 3 år per 1. januar i inntektsåret og arbeidstakaren dokumenterer at yrkeskøyringa overstig 40 000 km i inntektsåret, skal ein leggje 56,25 prosent av bilen sin listepris som ny til grunn

    Når du har funne den reduserte listeprisen, skal du multiplisere den med prosentsatsane (30 prosent / 20 prosent).

     

    Døme med bruk av standardregel

    Maria jobbar i eit grossistfirma. Ho får stilt sbil med registreringsnummer AB 12345 til disposisjon av arbeidsgivaren. Listeprisen på bilen er 660 000 kroner. Grensebeløpet er 351 700 kroner (2024).

    Slik reknar dei ut skattepliktig fordel:
      30 prosent av 351 700 105 510
    + 20 prosent av 308 300 61 600
    = Sum 167 170
      Skattepliktig fordel per månad167170/12 13 931

     

    Dette fører dei opp kvar kalendermånad i a-meldinga:
    Beløp  13 931
    Type lønn eller yting naturalyting, bil
    Trekkplikt  ja
    Grunnlag for arbeidsgivaravgift  ja
    Listepris 660 000
    Registreringsnummer AB12345

     

    Type lønn eller yting

    Før opp «naturalyting» og «bil».

     

    Trekkpliktig

    Ytinga skal alltid førast opp som trekkpliktig.

    Du kan late vere å gjennomføre forskotstrekk dersom trekkbeløpet er under minstegrensene for forskotstrekk.

    For naturalytingar skal du gjennomføre forskotstrekket i dei kontante ytingane så langt dei rekkjer. Er det ikkje dekning for samla forskotstrekk i dei kontante ytingane, skal du melde frå skriftlig til Skatteetaten via Altinn.

     

    Grunnlag for arbeidsgivaravgift

    Du skal berekne arbeidsgivaravgift av denne ytinga.

    Unnatak:
    Du kan berre late vere å berekne arbeidsgivaravgift når inntektsmottakaren

    • kjem inn under trygdelovgivinga i eit anna land i samsvar med ein sosialkonvensjon eller EØS-avtalen
    • er ein utanlandsk arbeidstakar som ikkje er medlem av folketrygda og som arbeider på norsk kontinentalsokkel eller i norsk territorialfarvatn

    Arbeidstakar har i nokre tilfelle stadfesting på at medlemskap blir halde aktivt hos eiga trygdestyresmakt (A1 eller annan blankett). NAV Medlemskap og avgift vurderer all dokumentasjon og registrerer eit eventuelt unntak frå medlemskap i folketrygda med periode, og om unntaket gjeld heile eller delar av folketrygda. Registrert unntak frå medlemskap i norsk folketrygd blir sendt elektronisk frå NAV til Skatteetaten.

    Det er berre registrert unntak hos Skatteetaten som gir arbeidsgivar fritak frå å berekne arbeidsgivaravgift for arbeidstakar.

    Skatteetaten kan fastsetje arbeidsgivaravgift for arbeidsgivar viss arbeidstakar ikkje er registrert med unntak og rapportert lønn eller yting ikkje inngår i avgiftspliktig grunnlag.

    Arbeidsgivar eller den tilsette kan kontakte NAV for å spørje om unntak frå medlemskap i folketrygda er registrert.

     

    Skatte- og avgiftsregel

    Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra, skal du bruke skatte- og avgiftsreglane:

    Skatte- og avgiftsregelen gjeld:

    • inntektsmottakarar som kjem inn under Svalbardskattelova

    Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra skal du markere lønn og andre ytingar med «Svalbard».

    Du må òg markere forskotstrekk som høyrer til, med nemninga «Svalbard».

    Sjå utfyllande informasjon om forskotstrekk i a-meldinga

    Hugs óg å oppgi riktig nemning av frådraget når det er ei eiga frådragsnemning for Svalbard, sjå fagforeiningskontingent, premie til pensjonsordningar, premie til fond og trygd og brakkeleige.

    Sjå òg utfyllande informasjon om Svalbard

    Skatte- og avgiftsregelen gjeld:

    • inntektsmottakarar som kjem inn under Jan Mayen-skattelova.

    Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra skal du markere lønn og andre ytingar med «Jan Mayen og bilanda».

    Du må òg markere forskotstrekk som høyrer til med «Jan Mayen og bilanda».

    Sjå utfyllande informasjon om forskotstrekk i a-meldinga

    Hugs óg å oppgi riktig nemning av frådraget når det er ei eiga frådragsnemning for Jan Mayen og bilanda, sjå fagforeiningskontingent og premie til pensjonsordningar.

    Sjå òg utfyllande informasjon om Jan Mayen og bilanda

    Skatte- og avgiftsregelen gjeld:

    • sjøfolk som har krav på eit eige frådrag (sjømannsfrådrag) i lønn og andre ytingar,
    • når dei har tent opp dette ved å arbeide om bord på skip i fart.

    Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra skal du markere lønn og andre ytingar med «særskilt frådrag for sjøfolk».

    Sjå òg utfyllande informasjon om særskilt frådrag for sjøfolk

     

    Dersom du sender a-melding for ein skattefri organisasjon, kan du bruke skatte- og avgiftsregelen:

    Dersom du sender a-melding for ein skattefri organisasjon (skattefrie selskap, foreiningar og institusjonar som nemnt i skattelova § 2-32 første ledd), kan du markere lønna eller ytinga med "skattefri organisasjon".

    Gjer du dette, treng du ikkje vurdere om inntektsmottakaren kjem til å passere grensa for opplysningsplikta på 10 000 kroner i løpet av året. Ein må då nytte markeringa frå første krone og for utbetalingar heile året.

    Sjå òg utfyllande informasjon om skattefri organisasjon

     

     

    Tilleggsinformasjon

    • Listepris
      Før opp listeprisen for bilen som ny. Bilen sin listepris som ny blir sett til listeprisen hjå hovudimportøren på tidspunktet for første gongs registrering, inklusive meirverdiavgift og vrakpant, eksklusive frakt- og registreringskostnader. Listepris for ekstrautstyr skal leggjast til listeprisen. Dersom arbeidstakaren oppheld seg i utlandet og bilen ikkje er kjøpt i Noreg, skal listeprisen setjast til opphavleg listepris som ny i opphaldslandet (det kan krevjast at ein legg fram dokumentasjon for listepris).

    • Registreringsnummer
      Før opp registreringsnummeret på bilen.

    • Bilpool
      Oppgi bilpool i staden for registreringsnummer dersom bilen er med i ei bilpoolordning. Det vil seie at ein på grunn av stadig vekselbruk av bilparken til arbeidsgivar ikkje kan fastslå noko bestemt tidsrom for den tilsette sin private bruk av kvar einskild bil.

    • Kontinentalsokkel
      Før opp ja/nei under «opptent på kontinentalsokkel» dersom ytinga er tent opp i forbindelse med arbeid på kontinentalsokkel i utlandet.
      Tent opp på kontinentalsokkel kan du ikkje kombinere med skatte- og avgiftsregel Svalbard og nettolønn.
    • Oppteningsland
      Før opp landkode for oppteningsland dersom ytinga er opptent i utlandet.

    For tilleggsinformasjon dersom ytinga er tent opp som nettolønn i Noreg eller utlandet, sjå Nettolønnsordning - arbeid utført i Noreg og Nettolønnsordning - arbeid utført i utlandet.

     

    Oppteningsperiode (frivillig)

    Du kan oppgi oppteningsperiode for alle typar lønn og andre ytingar i a-meldinga. Både startdato og sluttdato for oppteningsperioden må vere innanfor same rapporteringsmånad.

    Sjå òg utfyllande informasjon om oppteningsperiode

     

    Når skal du rapportere

    Før opp skattepliktig fordel for kvar kalendermånad bilen har stått til disposisjon.

    Dersom arbeidstakaren skiftar bil i løpet av ein kalendermånad, skal ein rekne ut den skattepliktige fordelen for den kalendermånaden på grunnlag av listeprisen til bilen som han disponerer på det vanlege tidspunktet for utrekning av trekk (lønnsutbetaling) i denne månaden.

     

    Rette feil

    MAGNET_EDAG-114
    Ugyldig verdi
    MAGNET_EDAG-114B
    Ugyldig verdi for denne kalendermånaden
    MAGNET_EDAG-200
    Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig
    MAGNET_EDAG-230B
    Ugyldig verdi
    MAGNET_EDAG-243
    Opplysningar om oppteningsperiode er ugyldig 
    MAGNET_EDAG-298
    Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig

    Sjå tasta feil beløp

    Sjå gitt feil nemning

    Sjå utbetalt for mykje

    Sjå utbetalt for lite / skal etterbetale

     

    Kva brukar vi opplysningane til

    NAV brukar opplysningar om lønn og andre ytingar til å rekne ut dagpengar og kontrollere ytingar som sjukepengar, foreldrepengar, uføretrygd og bidragsforskot.

    Skatteetaten brukar opplysningar om fri bil til å fylle ut skattemeldinga på førehand og til kontroll.

    Statistisk sentralbyrå (SSB) brukar opplysningane til statistikkføremål.

     

    Aktuelt regelverk

    • A-opplysningsloven

    • A-opplysningsforskriften

    • Skatteforvaltningsloven § 7-2

    • Skatteforvaltningsforskriften § 7-2-1

    • Skatteforvaltningsforskriften § 7-2-9

    • Skattebetalingsloven § 5-6

    • Skattebetalingsloven § 5-8

    • Skattebetalingsforskriften § 5-8-11

    • Folketrygdloven § 23-2

    • Folketrygdloven § 25-10

    • Folketrygdloven § 21-4

    • Statistikkloven § 10

    • Skatteloven § 5-10

    • Skatteloven § 5-13

    • FSFIN Forskrift til skatteloven § 5-13

    • Skattedirektoratets skatteforskrift til skatteloven § 5-13-1

     

    Til toppen

    Desse samarbeider om a-meldinga:

     

    Logo NAV
    Logo Statistisk Sentralbyrå
    Logo Skatteetaten
    footer/desktop/standard
    Skatteetaten. Logo
    Satser
    Skjema og tjenester
    Sámegiel skovit
    Sikkerhet og personvern
    Tilgjengelighetserklæring