Fri bil – standardregel
Gjeld fordelen når ein disponerer arbeidsgivaren sin bil privat.
Kort om fri bil – standardregel
Før opp fordelen ein arbeidstakar når han/ho disponerer arbeidsgivaren sin bil privat.
Dersom arbeidsgivaren eig, leiger eller leaser ein bil som blir stilt til disposisjon for privat bruk for arbeidstakaren er det ei skattepliktig naturalyting.
Fordelen ved å bruke bil som er stilt til disposisjon i arbeidsforhold privat, skal som hovudregel fastsetjast etter ein standardregel. Det er ikkje noko krav at eigaren får frådrag for bilkostnadene.
Sjå òg bilpriser - listepris som ny
Se òg:
- Yrkesbil – tenestleg behov – kilometer
- Yrkesbil – tenestleg behov – listepris
- Fri bil utanfor standardregelen
- Annan fri bil
Sporadisk privat bruk er ikkje skattepliktig
Privat bruk mindre enn 10 dagar i eit inntektsår og samla privat køyrelengd under 1 000 kilometer per inntektsår, blir rekna som sporadisk bruk.
Sjå òg Skatte-ABC om bil – privat bruk
Kva for opplysningar skal du oppgi
Beløp | x kroner |
Type lønn eller yting | naturalyting, bil |
Trekkplikt | ja |
Grunnlag for arbeidsgivaravgift | ja/nei |
Skatte- og avgiftsregel | dersom aktuelt |
Tilleggsinformasjon: |
|
Listepris | x kroner |
Registreringsnummer | registreringsnummeret på bilen |
Bilpool | ja dersom aktuelt |
Dersom inntekta er tent opp i utlandet eller på utanlandsk kontinentalsokkel: |
|
Kontinentalsokkel | ja/nei dersom aktuelt |
Oppteningsland | landkode dersom ytinga er opptent i utlandet |
Beløp
Før opp den skattepliktige fordelen.
Fordelen blir fastsett til 30 prosent av bilen sin listepris som ny inntil eit beløp fastsett av Skattedirektoratet, og 20 prosent av overskytande listepris.
Sjå beløpsgrensa for kvart einskild inntektsår du skal bruke når du reknar ut
Grunnlaget ved utrekninga av skattepliktig fordel er i utgangspunktet 100 prosent av bilen sin listepris som ny, men:
- for bilar eldre enn 3 år per 1. januar i inntektsåret blir 75 prosent av bilen sin listepris som ny lagt til grunn
- for ein arbeidstakar som dokumenterer med elektronisk køyrebok at yrkeskøyringa overstig 40 000 km i inntektsåret, blir 75 prosent av bilen sin listepris som ny lagt til grunn
- dersom bilen er eldre enn 3 år per 1. januar i inntektsåret og arbeidstakaren dokumenterer at yrkeskøyringa overstig 40 000 km i inntektsåret, skal ein leggje 56,25 prosent av bilen sin listepris som ny til grunn
Når du har funne den reduserte listeprisen, skal du multiplisere den med prosentsatsane (30 prosent / 20 prosent).
Døme med bruk av standardregel
Maria jobbar i eit grossistfirma. Ho får stilt sbil med registreringsnummer AB 12345 til disposisjon av arbeidsgivaren. Listeprisen på bilen er 660 000 kroner. Grensebeløpet er 351 700 kroner (2024).
Slik reknar dei ut skattepliktig fordel: | ||
30 prosent av 351 700 | 105 510 | |
+ | 20 prosent av 308 300 | 61 600 |
= | Sum | 167 170 |
Skattepliktig fordel per månad167170/12 | 13 931 |
Dette fører dei opp kvar kalendermånad i a-meldinga: | |
Beløp | 13 931 |
Type lønn eller yting | naturalyting, bil |
Trekkplikt | ja |
Grunnlag for arbeidsgivaravgift | ja |
Listepris | 660 000 |
Registreringsnummer | AB12345 |
Type lønn eller yting
Før opp «naturalyting» og «bil».
Trekkpliktig
Ytinga skal alltid førast opp som trekkpliktig.
Du kan late vere å gjennomføre forskotstrekk dersom trekkbeløpet er under minstegrensene for forskotstrekk.
For naturalytingar skal du gjennomføre forskotstrekket i dei kontante ytingane så langt dei rekkjer. Er det ikkje dekning for samla forskotstrekk i dei kontante ytingane, skal du melde frå skriftlig til Skatteetaten via Altinn.
Grunnlag for arbeidsgivaravgift
Du skal berekne arbeidsgivaravgift av denne ytinga.
Unnatak:
Du kan berre late vere å berekne arbeidsgivaravgift når inntektsmottakaren
- kjem inn under trygdelovgivinga i eit anna land i samsvar med ein sosialkonvensjon eller EØS-avtalen
- er ein utanlandsk arbeidstakar som ikkje er medlem av folketrygda og som arbeider på norsk kontinentalsokkel eller i norsk territorialfarvatn
Arbeidstakar har i nokre tilfelle stadfesting på at medlemskap blir halde aktivt hos eiga trygdestyresmakt (A1 eller annan blankett). NAV Medlemskap og avgift vurderer all dokumentasjon og registrerer eit eventuelt unntak frå medlemskap i folketrygda med periode, og om unntaket gjeld heile eller delar av folketrygda. Registrert unntak frå medlemskap i norsk folketrygd blir sendt elektronisk frå NAV til Skatteetaten.
Det er berre registrert unntak hos Skatteetaten som gir arbeidsgivar fritak frå å berekne arbeidsgivaravgift for arbeidstakar.
Skatteetaten kan fastsetje arbeidsgivaravgift for arbeidsgivar viss arbeidstakar ikkje er registrert med unntak og rapportert lønn eller yting ikkje inngår i avgiftspliktig grunnlag.
Arbeidsgivar eller den tilsette kan kontakte NAV for å spørje om unntak frå medlemskap i folketrygda er registrert.
Skatte- og avgiftsregel
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra, skal du bruke skatte- og avgiftsreglane:
Skatte- og avgiftsregelen gjeld:
- inntektsmottakarar som kjem inn under Svalbardskattelova
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra skal du markere lønn og andre ytingar med «Svalbard».
Du må òg markere forskotstrekk som høyrer til, med nemninga «Svalbard».
Sjå utfyllande informasjon om forskotstrekk i a-meldinga
Hugs óg å oppgi riktig nemning av frådraget når det er ei eiga frådragsnemning for Svalbard, sjå fagforeiningskontingent, premie til pensjonsordningar, premie til fond og trygd og brakkeleige.
Skatte- og avgiftsregelen gjeld:
- inntektsmottakarar som kjem inn under Jan Mayen-skattelova.
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra skal du markere lønn og andre ytingar med «Jan Mayen og bilanda».
Du må òg markere forskotstrekk som høyrer til med «Jan Mayen og bilanda».
Sjå utfyllande informasjon om forskotstrekk i a-meldinga
Hugs óg å oppgi riktig nemning av frådraget når det er ei eiga frådragsnemning for Jan Mayen og bilanda, sjå fagforeiningskontingent og premie til pensjonsordningar.
Skatte- og avgiftsregelen gjeld:
- sjøfolk som har krav på eit eige frådrag (sjømannsfrådrag) i lønn og andre ytingar,
- når dei har tent opp dette ved å arbeide om bord på skip i fart.
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra skal du markere lønn og andre ytingar med «særskilt frådrag for sjøfolk».
Sjå òg utfyllande informasjon om særskilt frådrag for sjøfolk
Dersom du sender a-melding for ein skattefri organisasjon, kan du bruke skatte- og avgiftsregelen:
Dersom du sender a-melding for ein skattefri organisasjon (skattefrie selskap, foreiningar og institusjonar som nemnt i skattelova § 2-32 første ledd), kan du markere lønna eller ytinga med "skattefri organisasjon".
Gjer du dette, treng du ikkje vurdere om inntektsmottakaren kjem til å passere grensa for opplysningsplikta på 10 000 kroner i løpet av året. Ein må då nytte markeringa frå første krone og for utbetalingar heile året.
Tilleggsinformasjon
- Listepris
Før opp listeprisen for bilen som ny. Bilen sin listepris som ny blir sett til listeprisen hjå hovudimportøren på tidspunktet for første gongs registrering, inklusive meirverdiavgift og vrakpant, eksklusive frakt- og registreringskostnader. Listepris for ekstrautstyr skal leggjast til listeprisen. Dersom arbeidstakaren oppheld seg i utlandet og bilen ikkje er kjøpt i Noreg, skal listeprisen setjast til opphavleg listepris som ny i opphaldslandet (det kan krevjast at ein legg fram dokumentasjon for listepris). - Registreringsnummer
Før opp registreringsnummeret på bilen. - Bilpool
Oppgi bilpool i staden for registreringsnummer dersom bilen er med i ei bilpoolordning. Det vil seie at ein på grunn av stadig vekselbruk av bilparken til arbeidsgivar ikkje kan fastslå noko bestemt tidsrom for den tilsette sin private bruk av kvar einskild bil. - Kontinentalsokkel
Før opp ja/nei under «opptent på kontinentalsokkel» dersom ytinga er tent opp i forbindelse med arbeid på kontinentalsokkel i utlandet.
Tent opp på kontinentalsokkel kan du ikkje kombinere med skatte- og avgiftsregel Svalbard og nettolønn. - Oppteningsland
Før opp landkode for oppteningsland dersom ytinga er opptent i utlandet.
For tilleggsinformasjon dersom ytinga er tent opp som nettolønn i Noreg eller utlandet, sjå Nettolønnsordning - arbeid utført i Noreg og Nettolønnsordning - arbeid utført i utlandet.
Oppteningsperiode (frivillig)
Du kan oppgi oppteningsperiode for alle typar lønn og andre ytingar i a-meldinga. Både startdato og sluttdato for oppteningsperioden må vere innanfor same rapporteringsmånad.
Når skal du rapportere
Før opp skattepliktig fordel for kvar kalendermånad bilen har stått til disposisjon.
Dersom arbeidstakaren skiftar bil i løpet av ein kalendermånad, skal ein rekne ut den skattepliktige fordelen for den kalendermånaden på grunnlag av listeprisen til bilen som han disponerer på det vanlege tidspunktet for utrekning av trekk (lønnsutbetaling) i denne månaden.
Rette feil
MAGNET_EDAG-114 Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-114B Ugyldig verdi for denne kalendermånaden |
MAGNET_EDAG-200 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
MAGNET_EDAG-230B Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-243 Opplysningar om oppteningsperiode er ugyldig |
MAGNET_EDAG-298 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
Kva brukar vi opplysningane til
NAV brukar opplysningar om lønn og andre ytingar til å rekne ut dagpengar og kontrollere ytingar som sjukepengar, foreldrepengar, uføretrygd og bidragsforskot.
Skatteetaten brukar opplysningar om fri bil til å fylle ut skattemeldinga på førehand og til kontroll.
Statistisk sentralbyrå (SSB) brukar opplysningane til statistikkføremål.
Aktuelt regelverk